Hotel Union Geiranger 1891 fam Mjelva
Translate to english
-
SPA Fasilitetar Spameny Kombinasjonspakkar Spa etikette Mat & Drikke Nyttig å vite Prisar

MAKE-UP


Geiranger make-up
55 minutt – 660 NOK

Geiranger make-up
25 minutt – 350 NOK

Vi bruker make-up som er basert på reine mineral frå naturen. Vi klargjer huda før vi legg på make-up for dag- eller kveldsbruk, og får fram den naturlege gløden.




ANSIKTSBEHANDLINGAR

Brudesløret
55 minutt ansiktspleie
840 nok

Ein av dei mest kjende fossane i Geiranger heiter Brudesløret. Vatn blir kasta utfor fjellet og treff fjorden 300 meter lenger nede som lett yr. Denne behandlinga inneheld eit herleg ritual med velgjerande fukt og ingrediensar frå naturen. Ansiktet får ei frisk og balansert kjensle av velvære, og behandlinga tilpassar vi hudtypen din.


Djupgjelet
85 minutt ansiktspleie
1260 NOK

Historia frå Geiranger om jordmorruta langs den bratte og rasfarlege fjellveggen forbi Djup-gjelet er godt kjend. Vi har gitt den mest effektive ansiktspleia vår namn etter dette fjellpasset. Aktive ingrediensar frå naturen fuktar huda, gjer den mest elastisk og verkar oppstramande. Vi lovar ei komplett avkopling for hud og sinn, og frisk, naturleg glød.


Flydalsjuvet
25 minutt ansiktspleie
420 NOK

Eit av dei mest spektakulære utsyna i Geiranger finn du frå Flydalsjuvet. Viss du vil, kan også augepartiet
ditt bli eit syn verdt. Vi retter augnebryna, fornyar fargen på bryn og vipper, og avsluttar med frisk reins.


Kjærleiksstien
85 minutt ansiktspleie
1260 NOK

Ein tur for to ein sommarkveld i Geiranger, vekkjer gode, varme kjensler. Rosenkvartsstein blir gjerne knytt til kjærleik og omtanke. Den steinen bruker vi til ansiktspleie med mykje fukt. Steinmassasjen
drenerer og verkar kjølande på hudoverflata, og dei naturlege essensane verkar i djupna.


Friaren
55 minutt ansiktspleie for menn
840 NOK

Friaren er ein vakker og mykje fotografert foss i Geiranger. Segna vil ha det til at Friaren prøvde seg på Dei sju søstrene på andre sida av fjorden – til inga nytte. Vår friar er ei ansiktspleie som passar til menns spesielle hudtype. Prosessen djupreinsar, set fart i blodsirkulasjonen, fuktar og stramar huda, og gir den same fine gløden som du får utandørs i frisk fjordluft.


Dalsnibba
25 minutt ansiktspleie
420 NOK

Fjelltoppen med same namnet ragar 1500 meter over Geirangerfjorden, og utsynet der oppe frå er fantastisk. Denne behandlinga er også eit høgdepunkt i Geiranger - fin som avkopling i pausen eller etter konferansen. Mild reins med frisk etterbehandling basert på aktive konsentrat som fuktar og roar huda. Ein effektiv oppkvikkar.


Kniven
85 minutt ansiktspleie
1260 NOK

Kniven er det karakteristiske fjellet der Dei sju søstrene fossar nedover. Inspirert av fjellveggen har vi sett saman ein kur som går djupt ned og effektivt reinsar bort døde hudceller ved hjelp av ei oppstramande maske av enzymar. Huda blir som ny, og fjernar flekker og ureine parti. Passar for både kvinner og menn.




HAND- OG FOTPLEIE


Geiranger Spa manikyr
50 minutt manikyr
840 NOK

Vi tek ekstra god hand om deg med eit bad, mild skrubb, maske, neglepleie, handmassasje og neglelakk.

GeirangGer intens Spa manikyr
50 minutt manikyr
840 NOK

Denne behandlinga inkluderer eit godt bad, mild skrubb, parafinbehandling og neglelakk.


Geiranger Spa pedikyr
50 minutt pedikyr
840 NOK

Etter ein lang og aktiv dag fortener føtene berre det beste. Negler og føter blir stelt med eit deilig bad, skrubb, neglelakk og mjuke, velgjerande kremar. Dette gir ny energi frå topp til tå.




SKRUBB, SERAIL OG HAMAM


Skageflå
20 minutt skrubb
400 NOK

Fjellgarden Skageflå har husa kongelege og kvardagsslitarar, der han ligg på ei fjellhylle høgt over Geirangerfjorden. I denne behandlinga djupreinsar vi huda og fjernar alt uhumskt med ei blanding av salt, frukter eller urter frå naturen. Essensielle oljer masserer og stimulerer blodsirkulasjonen
i huda som grunnlag for ei nærande kroppsbehandling som gjer deg mjuk og klar for kva behandling som helst.


Knivsflå
30 minutt organisk kroppsritual
550 NOK, 400 NOK og 350 NOK

Den vakre garden Knivsflå ligg i bratta, tett inntil fossefallet Dei sju søstrer. Nettopp vatn er temaet i dette herlege dampbadet, åleine, med din kjære eller med inntil fire vener. Serail kallar vi denne behandlinga med ei maske med næringsrike mineral som verkar ekstra godt i dampbadet, og med ein varm dusj som gjer ekstra godt til slutt. Friskare blir det ikkje!


Hamam
50 minutt tyrkisk hamamritual
880 NOK.

Hamam er eit tradisjonsrikt ritual for reinsing, som ei reise der du kan gløyme både tid og stad. Du ligg på ei varm steinplate i så fuktige omgivnader som er mogleg. Varme, damp, skum, lukter og massasje utrettar små mirakel og spelar på alle sansane. Etter behandlinga byd vi på eple te i eige rom. Ritualet passar like godt åleine som saman med din kjære eller ein ven.


KROPPSBEHANDLINGAR


Fjellvandrardraumen
30 minutt kroppsinnpakking
420 NOK

Å liggje heilt avslappa, med den gode kjensla av intens stille, er det beste kroppen kan få etter ein dag på vandring. Innpakka i ei herleg blanding av frukter, urter, algar eller mineral som alle verkar oppfriskande på hud og kropp, flyt du behageleg på ei seng av varmt vatn og velvære. Etterpå kan du pakke deg inn i mjuke handklede, og nyte roa i avslappingssona på hotellet.


Fjorddykk
50 minutt kroppsinnpakking
840 NOK

Knapt noko er så stimulerande ein varm sommardag som å stupe ned i Geirangerfjorden, og symje rundt under fjella, midt i verdsarven. Algar er ikkje noko alle tenkjer på som behandlings- middel, men sanninga er at alger er avgiftande, drenerande og reinsar. I denne behandlinga får du først ein oppkvikkande skrubb med salt, deretter ei oppstrammande algeinnpakking som aktiverer huda, stimulerar blodomløpet og er oppstramande. Du føler deg ekstra lett og frisk før kvelden.




MASSASJE


Knuten
25 minutt massasje
420 NOK

Knuten er eit uvanleg byggverk på den opphavlege Geirangervegen frå 1889 og blir framleis sett på som stor ingeniørkunst. Etter lange økter inne eller ute kan du slappe ekstra godt av med salig muskelmassasje av rygg, nakke eller føter. Slikt gir meir energi og ein retteleg opptur.


Ørnesvingen
50 minutt massasje
840 NOK

Ørnesvingen med panoramautsikt over Geirangerfjorden og fjella rundt er utsiktspunktet du ikkje må gå glipp av. Med full kroppsmassasje har du også utsikter til toppen av all velvære. Mjuke, rytmiske rørsler og godluktande oljer løyser opp muskelspenningar og frigjer energi. Dette er ein time investering i god mental helse.


Geiranger Signatur-behandling, Westerås
85 minutt spesialbehandling
1260 NOK

Ingen andre har tilsvarande oppskrift. Vi har laga ei harmonisk og balansert blanding av urter, oljer og massasje til noko du seint vil gløyme. Alt etter stemning og lyster lukter du på og vel ut urtene sjølv. Så tek vi over med mjuke rørsler over kroppen, ein oppfriskande ansiktsreins og ei stille stund i sanselege omgivnader. Til behandlinga byd vi påheimelaga urtete.


Øvst oppe
25 minutt massasje
420 NOK

Denne behandlinga tek presset bort frå skuldrer, hovud og ansikt. Lat tankane flyte, slapp heilt av og nyt alle dei mjuke rørslene.


Lengst nede
25 minutt massasje
420 NOK

Dei svake punkta på kroppen merkar du godt når du står oppreist. Massasje på slitne turføter utrettar små mirakel og gir ny balanse og energi.


Laushornet
85 minutt steinmassasje
1260 NOK

Det mektige fjellet Laushornet stikk 1500 meter over Geirangerfjorden. Både på denne og andre toppar ventar eventyrlege stunder. Vi byd på vedunderleg steinmassasje med varme steinar, rytmiske rørsler og aromatiske oljer som får både musklar, hud og sansar til å kople heilt ut. Med på kjøpet får du energi frå den norske fjellheimen.


Mølls frukthage
50 minutt kroppsinnpakking
840 NOK

På garden Møll ligg ei stor eplehage med 50-60 ulike eplesortar. Det fruktbare jordsmonnet i Geiranger høver også godt for rips- og stikkelsbær. Kroppsmaska vi bruker her, rommar alle desse ingrediensane. Først reinsar vi kroppen med fruktvatn og fjernar alt uhumskt frå huda med ein mousse av eple og bær før du får ein oppkvikkande dusj. Då er du både heil og rein! Vi serverar ein fruktdrikk til slutt.


Dei Sju Søstrer
25 minutt massasje. 420 NOK
50 minutt massasje. 840 NOK

Av alle kjende fossar i Geiranger er Dei sju søstrer mest vidgjetne. Fallhøgda er 300 meter, og namnet fekk fossen fordi falla på avstand liknar håret til sju kvinner. Ønskjer du massasje, men er usikker på kva du bør velje, gler vi oss til å skreddarsy ei heilt spesiell behandling for deg. Vi set saman nettopp det du treng, her og no.


I ventetida
50 minutt kroppspleie
840 NOK

Alle veit at graviditeten har mange og ulike behov. Eit av dei er å bli tatt ekstra godt vare på. Vi har satt saman ei oppleving av berøring, massasje, avslapping, vatn og varme som vi veit vil gjere deg godt. Hensikta er å få kroppen i harmonisk balanse til beste for deg og babyen.




KROPPSBEHANDLINGAR


Fjellvandrardraumen
30 minutt kroppsinnpakking
420 NOK

Å liggje heilt avslappa, med den gode kjensla av intens stille, er det beste kroppen kan få etter ein dag på vandring. Innpakka i ei herleg blanding av frukter, urter, algar eller mineral som alle verkar oppfriskande på hud og kropp, flyt du behageleg på ei seng av varmt vatn og velvære. Etterpå kan du pakke deg inn i mjuke handklede, og nyte roa i avslappingssona på hotellet.

Fjorddykk
50 minutt kroppsinnpakking
840 NOK

Knapt noko er så stimulerande ein varm sommardag som å stupe ned i Geirangerfjorden, og symje rundt under fjella, midt i verdsarven. Algar er ikkje noko alle tenkjer på som behandlings- middel, men sanninga er at alger er avgiftande, drenerande og reinsar. I denne behandlinga får du først ein oppkvikkande skrubb med salt, deretter ei oppstrammande algeinnpakking som aktiverer huda, stimulerar blodomløpet og er oppstramande. Du føler deg ekstra lett og frisk før kvelden.





SPESIALBEHANDLINGAR


Farge på vipper - tillegg til ansiktspleie
180 NOK

Farge på bryn - tillegg til ansiktspleie
180 NOK

Farge på vipper og bryn, retting av bryn
350 NOK

Hårfjerning
Varsam voksbehandling av bikinilinje eller underarm
300 NOK

Varsam voksbehandling av overleppe
180 NOK

Varsam voksbehandling av leggar
300 NOK

Varsam voksbehandling av lår
300 NOK

Varsam voksbehandling av rygg
300 NOK



Ta gjerne kontakt med oss for bestilling, gåvekort eller andre spørsmål.

Telefon: +47 70 26 83 00
Fax: +47 70 26 83 50
Spa@hotel-union.no

Spa-ansvarleg:
Jenny Muren, jenny.muren@hotel-union.no


























Tel: +47 70 26 83 00. Faks: +47 70 26 83 50. E-post: geiranger@hotel-union.no. Adresse: HOTEL UNION, 6216 Geiranger. NOREG.



Norske KonferansehotellerNHO