Hotel Union Geiranger 1891 fam Mjelva
Translate to english
-
SPA Fasilitetar Spameny Kombinasjonspakkar Spa etikette Mat & Drikke Nyttig å vite Prisar

RESTAURANT LØSTA

På Hotel Union legg vi stor vekt på å finne rett behandling
og det beste spa-ritualet for deg. Vi har også sett saman ein heilt spesiell meny av lette og velgjerande matrettar for å auke effekten av behandlingane
og rituala. Menyen er delt inn i fire kategoriar som kvar for seg gir meir energi, balanse, velvære eller harmoni. Rettane byggjer på friske, lokale råvarer som tilfører kroppen viktige og nødvendige vitaminar, mineralar og feittsyrer. Vi ynskjer alle gjester velkomne til eit sunt, lett og lekkert måltid hos oss!


ENERGI
Raske karbohydrat og protein aukar energien før og etter trenings-økta. Ein frisk salat eller eit magert kjøtmåltid gir ekstra tilskot av viktige protein og mineralar som styrkjer musklar og skjelett. Suppe av friske råvarer er god næring og gir viktig væskepåfyll. Kraft frå storfekjøt gjer godt når du skal fordøye maten. Det gjer også yoghurt med sine sunne melkesyrebakteriar
– og banan gir straks ny energi. Gjennomtenkt mat verkar oppkvikkande, styrkjer sjela og smakar godt!


BALANSE
Mat med langsame karbohydrat og mykje stivelse roar kroppen ned. Det same gjer tunfisk og utvalde urter. Basilikum løyser opp spenningar i muskulaturen, merian gir ro, og selen er eit viktig mineral som får kropp og sjel i balanse. Salat, suppe eller pasta er framifrå for å oppnå velvære! Til dessert kan du nyte godt av antioksidantar som finst i sjokolade, og som motverkar hjarte- og karssjukdomar. Vi har sett saman ein meny som passar særleg godt etter økter med hard trening eller avslappande spa-behandling, eller som god terapi på ein vakker, regnfull dag.


SALAT

kr 100

SALAT

kr 100

Frisk salat med grilla oksekjøt, hardkokt egg, svisker, grilla grønsaker og Kraftkar blåmuggdressing

Frisk salat fylt med protein frå egg og kjøtt, og mineral frå grønsaker. Grilla og magert oksekjøt gir salaten ein ekstra spennande smak


Tunfisksalat med paranøtter, mais, lauk, paprika, pinjekjernar, selleri og pesto

Både tunfisk og paranøtter inneheld mykje selen. Basilikum er hovudingrediensen i pesto og gjer godt på fleire måtar


SUPPE

kr 93

SUPPE

kr 89

Oksehale- og kjøtsuppe med friske grønsaker

Suppe laga frå grunnen av med alle viktige nærings-stoff, mineralar og vitaminer intakte. Smakar kraftig og godt av ekte lokale råvarer


Potet-, purre- og jordskokksuppe med pesto og merian

Ei rik og velsmakande suppe som varmar og gjer godt. Merian verkar roande, gir fin smak i suppa og går særleg godt saman med pesto

PANINI

kr 103

PANINI

kr 98

Grilla ciabatta fylt med grilla oksekjøt, hasselnøtter, sautert spinat og grønkål, grov sennep, ruccolasalat og ost

Lun smaksoppleving med ingrediensar proppfulle av energi. Spinat og grønkål gir ekstra tilskot av mine-ralar og vitaminar


Tunamelt, med basilikum og ruccolasalat

Paninibrødet er laga av fullkornmjøl, tunfisk og basilikum. Set kroppen i eit bedageleg låggir


PASTA

kr 130

PASTA

kr 160

Wok med nudlar, grilla oksekjøt, spirer, tofu og grønsaker

Ei aning asiatisk med spirer og grønsaker rike på C-vitaminar. Smaker godt og spennande, og er nyttig for kropp og muskulatur


Risotto med safran, basilikum og livechekylling

Både safran og basilikum verkar roande, og risotto inneheld mykje stivelse. Livechekyllingen er saftig og velsmakande


DESSERT

kr 86

DESSERT

kr 86

Yoghurtmousse på bananbotn toppa med Norddal-honning og karamellisert banan

Freistande mye godt i éin liten dessert! Ein sunn og god finale med mykje energi


Sjokolademousse-kake med bærkompott

Sjokolade stimulerer dei gode kjenslene, heiter det, og inneheld mindre koffein enn både te og kaffi. Så unn deg denne stunda av nyting!




HARMONI
Mindre stress og betre humør – det kan bli effekten av matrettane i denne menyen. Fisk inneheld feitt som stimulerer humøret og minnet, og gjer godt for hjartet. Olivenolje og avokado inneheld E-vitamin og er viktige kjelder for antioksidantar som reinsar kroppen. Heilkorn verkar roande på kroppen, medan sterk mat med chili og ingefær aukar forbrenninga. Chilli er rik på kalium som har mykje å seie for syrebalansen, vassbalansen og hjarte-rytmen.Kvitlauk reduserer blodtrykket, og tomat virker forebyggende. Et deg sunn og mett!


VELVÆRE
God mat er velvære, og alle bør unne seg eit freistande måltid i ny og ne. I denne menyen har vi lagt aller mest vekt på smaken og råvarene, og sett mindre på kaloriane. Du vil garantert finne ein favoritt blant dei rettane vi har komponert ut frå det ypparste av råvarer og pikante smakstilsetjingar. Ei sunn, god kjensle av luksus.


SALAT

kr 110

SALAT

kr 130

Salat med røykt laks, avokado, graslaukrømme, agurk og sitron

Feit fisk inneheld sunne feittsyrer som kroppen treng mykje av. Røykt laks smakar vedunderleg saman med olivenolje og avokado som er gode kjelder for viktige antioksidantar


Cæsarsalat med livechekylling

Salat vendt i fyldig cæsardressing. Livechekyllingen et løypestikke som set ein spiss på kjøtsmaken. Toppa med riven parmesanost


SUPPE

kr 103

SUPPE

kr 110

Krema fiskesuppe

Fiskesuppa vår er laga frå botnen av og inneheld mykje godt på fleire måtar. Gratinert kvitlauk pirrar smaksløkane! Perfekt følgje på stressfrie dagar


Krema skaldyrsuppe med assorterte skaldyr, trøffelolje og vårlaukVarm skaldyrsuppe med det beste vi kan by på. Smakar himmelsk av ingrediensar som huda har god bruk for – for ikkje å snakke om sjela


PANINI

kr 95

PANINI

kr 110

Spinat, grilla aubergine, avokado, ost og chilli

Mykje godt i ein dryg bit, og chilli set fart på smaken. Mørke grønsaker smakar godt og er rike på anti- oksidantar. Spinat kan gi betre syn, heiter det


Tappenade, brie, bacon, skinke, tomat, ost og ruccola

Ei spennande blanding av gode, sterke smaks- opplevingar frå utsøkte råvarer. Fyller alle sansar!


PASTA

kr 120

PASTA

kr 160

Fullkornpasta med sterk tomatsaus

Ein romslig pastarett med rik tomatsmak. Tomat inneheld et stoff som verkar positivt på helsa vår, i tillegg til gode mineralar


Krema pasta med grilla livechekylling, soltørka tomatar og erter

Er du ekstra svolten, tilrår vi denne. Rik på fløyte, pasta og kjøtt som balanserer perfekt


DESSERT

kr 83

DESSERT

kr 90

Chilli- og ingefærbakt ananas med vaniljeis

Det er inga sak når sunt smakar så godt! Ingefær er rik på antioksidantar, og chilli er bra for hjernen. Spennande kombinasjon av sterkt og søtt


Tiramisu med fruktspyd

Vår tiramisu er laga med fyldig mascarponekrem, kakao og amarettolikør. Den kraftige smaken er godt avstemd med frisk frukt



Ta gjerne kontakt med oss for bestilling, gåvekort eller andre spørsmål.

Telefon: +47 70 26 83 00
Fax: +47 70 26 83 50
Spa@hotel-union.no

Spa-ansvarleg:
Jenny Muren, jenny.muren@hotel-union.no


Tel: +47 70 26 83 00. Faks: +47 70 26 83 50. E-post: geiranger@hotel-union.no. Adresse: HOTEL UNION, 6216 Geiranger. NOREG.



Norske KonferansehotellerNHO