Hotel Union Geiranger 1891 fam Mjelva
Translate to english
-
SPA Fasilitetar Spameny Kombinasjonspakkar Spa etikette Mat & Drikke Nyttig å vite Prisar

SPA ETIKETTE

Slik ønskjer vi at gjestene våre skal nyte Union Spa


Stille og ro er sjølve ramma for god og djup indre reinsing. Derfor spelar atmosfæren i spa-avdelinga vår ei viktig rolle. Aldersgrensa er 18 år, men som forelder kan du ta med deg barn ned til 16 år.


Korrekt kledd
Alle våre spa-gjester får låne gode, mjuke badekåper og badetøflar som vi ber alle spa-gjester benytte ved eit besøk i Union Spa. Dei fleste kroppsbehandlingar og massasjar blir gjennomført utan klede, eller med undertøy/badetøy viss det er ønskjeleg. Eingongsundertøy er òg tilgjengeleg. Eingongsundertøyet kan anbefalast for behandlingar som set farge. I våtrom og sauna er det påkravd med badetøy. Bruk badekåpa og tøflane når du oppheld deg i avkoplingssonene. Smykke og private eigedelar kan du oppbevare i dei låsbare garderobeskapa.


Møt i god tid
Eit besøk i spa-avdelinga vår skal vere avslappande og utan stress. Har du reservert behandling tilrår vi deg å møte opp ca. 30 minutt før behandlinga byrjar. Då har du god tid til å skifte i spa-garderobane våre, prøve våre varme- og vassopplevingar, og gjere deg klar. Skulle noko gjere at du kjem for seint til avtalt behandling vil behandlingstida bli innkorta tilsvarande i respekt for den neste som har avtalt behandling. Drikk alltid godt med vatn før behandlinga startar.


Unn deg litt tid åleine
Ta deg ei stund for deg sjølv, før du startar sjølve behandlinga. Ein symjetur inne eller ute er god avkopling. Eller kanskje ein reinsande sauna, eit japansk varmebad eller opplevingsdusjar. Dette varmar opp både kropp og sjel. På den måten får du maksimalt ut av behandlingane.


Gode råd
Før alle behandlingar tek til tilbyr vi deg ein konsultasjon med ein av våre terapeutar om kva som er viktig for deg, for å få den beste spa-opplevinga. Eventuelle plager, allergiar eller anna ubehag som kan vere avgjerande for resultatet, er viktig å få informasjon om. Det heile blir koordinert med dine ønskjer og behov. På den måten får du maksimalt ut av behandlinga. God kommunikasjon er nøkkelen til ei god behandling.


Avkopling og sunne måltid
Velværeavdelinga har fleire avkoplingssoner der du kan nyte fullstendig ro før og etter behandlingane, alt etter kva behov du har. Kanskje føretrekk du å kople av med ei bok frå biblioteket, lukke auga i mjuke liggestolar, nyte roa i det stille rommet, meditere til utsikta eller ete eit lett og sunt måltid. Den beste spa-opplevinga får du når magen er sånn passe mett, spesielt når du tek behandling. Vi anbefaler at du drikk mykje av det reine og gode vatnet vårt både før, under og etter spa-besøket. Vatn er spesielt viktig når du oppheld deg i saunaområdet.


Du kan ete og drikke godt i Restaurant Løsta frå ein meny samansatt av friske og sunne råvarer. Nokre vel å nyte vellaga te og den vakre utsikta frå peisstova. Ønskjer du å sove lenge, serverer vi gjerne enkel kontinental frukost nettopp her, i tida mellom kl 09.00 og kl 12.00.


Barbering
Ei god ansiktsbehandling blir betre med glatt hud, og vi tilrår at eventuell barbering blir gjort 2-3 timar før behandlinga startar. Ønskjer du den spesielle, avslappande kjensla vår kroppsbehandling i den tyrkiske hamamen gir, tilrår vi at barbering blir gjort dagen før.


Behandlingar for to eller fleire
Det er alltid hyggeleg å dele ei positiv oppleving med andre. Vi har ulike behandlingar der to eller fleire kan vere saman. Du kan lese meir i spa-menyen om moglegheitene for å dele litt luksus og lykke.


Avbestilling
Vi ber om at avbestilling av spa-behandlingar skjer minst 24 timar før behandlinga skal byrje. Ved avbestilling seinare enn det, blir behandlinga belasta 100%.


Mobiltelefon
Ei spa-oppleving skal redusere stressnivået gjennom avslapping og stille. Mobiltelefonar set vi på lydlaust, og legg dei i garderobeskapet før vi går inn i Union Spa.


Røyking
All røyking på Hotel Union foregår utandørs.


Fotografering
Eit opphald i spa-avdelinga skal vere ei privat oppleving. Vi ønskjer at gjestene våre skal kunne nyte den gode stunda utan å bli forstyrra av fotogra-fering eller filming.


Ta gjerne kontakt med oss for bestilling, gåvekort eller andre spørsmål.

Telefon: +47 70 26 83 00
Fax: +47 70 26 83 50
Spa@hotel-union.no

Spa-ansvarleg:
Jenny Muren, jenny.muren@hotel-union.no



Tel: +47 70 26 83 00. Faks: +47 70 26 83 50. E-post: geiranger@hotel-union.no. Adresse: HOTEL UNION, 6216 Geiranger. NOREG.



Norske KonferansehotellerNHO