|
|
 |
- |
Geiranger
Geirangerfjorden vert kalla den vakraste fjorden i verda. Naturen er storslått, vill og vakker. Fjorden, fossane og dei stupbratte fjella har gjort bygda til ein av dei stadene i landet som vert mest besøkt.
Områda rundt Nærøyfjorden og Geirangerfjorden vert rekna blant dei vakraste fjordlandskapa på kloden. Tronge dalar med bratte fjellsider strekker seg frå 500 meter under vatnet til 1400 meters høgde over havet. Eit ukjent tal fossar kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggane, mens talrike elver renner frå takkete fjell, brear og innsjøar gjennom skoglandskapet ned mot fjorden.
I 2005 vedtok UNESCO å føre opp Geirangerfjorden, Nærøyfjorden og områda rundt på UNESCO World Heritage List, som beskriv den viktigaste kultur- og naturarven i verda. Dei framståande geologiske verdiane og det unike og vakre landskapet har ført til at Noreg har fått sitt første naturarvområde på denne prestisjefylte lista.
|
|
|
|
-
|
|
|

Tel: +47 70 26 83 00. Faks: +47 70 26 83 50. E-post: geiranger@hotel-union.no. Adresse: HOTEL UNION, 6216 Geiranger. NOREG.
|
|
|
|