Hotel Union Geiranger 1891 fam Mjelva
Norsk
-


Mat og drikke

Vår filosofi er å lage god, norsk mat av dei aller beste råvarene. Vi brukar lokale og regionale matprodusentar av ettertrakta råvarer som kje og lam, laks, spekemat og ost. Frå gardane i lokalmiljøet får vi lefser, frukt og bær. Råvarene vert sette saman til spanande smakskombinasjonar og stadig nye oppskriftar. Kjøkenet på Union lagar helst maten frå grunnen av, og mange av oppskriftene har følgt hotellet i generasjonar. Den populære Unionsbuffeen vert servert heile året.


Hotel Union Geiranger har fleire restaurantar og barar. Felles for dei er atmosfæren, rike mattradisjonar og gode råvarer, servert med varme og omtanke. Den fantastiske fjordutsikta får du med som ein del av menyen.


Vi kan servere opp til 400 gjester i Restaurant Fjorden, eller trylle fram dei beste matopplevingane for ei mindre gruppe i à la carte-restauranten Julie. Frå Nina Grieg-terrassen kan du nyte utsikta over fjorden og fjellgardane på vakre dagar, heile året. I Møllaløa opplever du kokkar som lagar til lokal mat, og bankettar og bryllaup vert stemningsfulle opplevingar med spesielle menyar. Den lyse, moderne baren i lobbyen er ein populær møteplass for hotellet sine gjester frå heile verda.


Chaîne des Rôtisseurs
-
Hotellet Mat og drikke Spa Konferansar Aktivitetar Geiranger Informasjon Tilbod og bestillingar
Tips ein ven Print version Sitemap
Restaurant Fjorden Restaurant Julie Nina Grieg terrassen Barar Spesielle arrangement


Tel: +47 70 26 83 00. Faks: +47 70 26 83 50. E-post: geiranger@hotel-union.no. Adresse: HOTEL UNION, 6216 Geiranger. NOREG.